top of page

Lektortveito

Eg heiar på deg!

20220706_122707000_iOS_edited.jpg

Eg heiter Martha Tveito og kjem frå Husnes, som er ein tettstad sør i Vestland fylke.

Etter ungdomsskulen begynte eg på studiespesialisering ved Kvinnherad vidaregåande skule. Eg valde T-matte (teoretisk matematikk) på Vg1, fordi eg hadde gode karakterar i matte frå ungdomsskulen. Overgangen til 1T synest eg var hard, og derfor jobba eg mindre med matten enn eg hadde gjort før. Det resulterte sjølvsagt i at karakteren min i matte blei dårlegare. Eg var likevel ikkje i tvil om at det var realfag eg ville studere, for naturfag likte eg svært godt.

På dette tidspunktet jobba eg på apotek i helger og feriar, og hadde tenkt å utdanne meg til farmasøyt. Eller kanskje ernæringsfysiolog.

På Vg2 valde eg Kjemi 1, Fysikk 1, R1 og X-matte. Det var ikkje av eigen fri vilje at eg hadde to mattefag. På skulen der eg gjekk var X-matte obligatorisk dersom ein valde realfag, elles ville ikkje timeplanen gå opp. S-matte blei ikkje undervist på Kvinnherad vidaregåande, derfor blei det R1 på meg. Dei dårlege arbeidsvanane frå matten på Vg1 fortsette, og læringsutbyttet i R1 og X-matte blei ikkje spesielt bra. I Kjemi 1 og Fysikk 1 gjekk det mykje betre. Kjemi likte eg godt, og fysikk synest eg var heilt OK.

Året etter valde eg vekk fysikk til fordel for biologi. På Vg3 tok eg Kjemi 2, Biologi 2 og R2. Matten var vanskeleg, sannsynlegvis fordi eg ikkje jobba nok med faget, og fordi eg ikkje var så interessert. Kjemi og biologi synest eg var skikkeleg kjekt, og både læringsutbyttet og karakterane blei bra.

“Overgangen til 1T synest eg var hard   ...   Eg var likevel ikkje i tvil om at det var realfag eg ville studere, for naturfag likte eg svært godt."

Martha Tveito

Like før søknadsfristen for høgare utdanning kom eg tilfeldigvis over at lektorutdanning var ein ting. Eg måtte google kva ein lektor var, for det visste eg ikkje. Å kombinere fordjuping i realfag med formidling høyrtest veldig interessant ut. Derfor la eg inn lektorutdanning i realfag på toppen av søkarlista mi, med kjemi som hovudfag og biologi som sidefag. Eg hadde farmasi som 2. val og ernæringsfysiologi som 3. val.

Så kom eksamenstida på Vg3, og eg blei trekt opp i Kjemi 2 og R2 skriftleg. I Kjemi 2 fekk eg karakteren 3, og i R2 fekk eg karakteren 2. Det var eit skikkeleg slag i trynet. Var eg eigentleg rett person til å bli kjemilærar?

Eg kom inn på lektorutdanninga i realfag ved Universitetet i Bergen, og takka ja til plassen. Første semester hadde eg eit obligatorisk emne i matte. Eg jobba beinhardt for å ta igjen alt eg ikkje klarte å lære meg i matten på vidaregåande. Eg trur nesten aldri eg har vore så fornøgd med ein karakter som når eg avslutta semesteret med ein B i matte.

Kjemien på universitetet var endå kjekkare enn kjemien på vidaregåande, med større fokus på laboratoriearbeid og praktisk bruk av kjemi i samfunnet. Eg jobba hardt og lærte mykje. Biologien var variert og interessant, med feltkurs høgt oppe på fjellet og langt nede i fjæra. Ved sida av studieløpet tok eg også to emne i fysikk for å få undervisningskompetanse i naturfag.

Fem år seinare leverte eg masteroppgåva mi i kjemididaktikk, og kunne med stoltheit kalle meg lærar.

"Fem år seinare leverte eg masteroppgåva mi i kjemididaktikk, og kunne med stoltheit kalle meg lærar."
thumbnail_IMG_7443.jpg

Foto: Mona Grønningen / Kvinnheringen

 

I åra som følgde tok eg eit årsstudium i geografi, pluss litt etterutdanning i programmering og toksikologi. Eg jobba også med å undervise privatistar i kjemi, naturfag og biologi.

Det var digital undervisning for privatistar under covid-19 pandemien som gav meg ideen om å lage denne nettsida. Eg håpar lektortveito.no kan vere ein ressurs for elevar som må ta igjen undervisning grunna fråvær, elevar med dysleksi og andre som synest det er tungt å lese fagstoff, lærarar som synest kjemidelen i naturfag er vanskeleg, studentar som vil ha ein repetisjon av pensum frå vidaregåande, og alle andre som ønsker eit innblikk i kjemiverda.

Til slutt – hugs at dersom du vil bli god i kjemi så er det ikkje nok å berre høyre på meg. Gjer oppgåver, forklar omgrep og konsept med dine eigne ord, still spørsmål, snakk høgt, sjå etter kjemi i kvardagen og fortel vidare alle kjemi-funfacts du kjem over.

Eg heiar på deg!

bottom of page